Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

Om oss

FORMÅL

Rikskonsertane skal gjere levande musikk av høg kunstnarleg kvalitet tilgjengeleg for folk i heile landet.

OM RIKSKONSERTANE

Rikskonsertane blei oppretta i 1967, og heldt den første konserten i Hammerfest i januar 1968.

I dag er Rikskonsertane landets største formidlar av levande musikk. Konsertane er produserte i samarbeid med utøvarar og aktørar innan norsk og internasjonalt musikkliv. Barn og unge er ei prioritert målgruppe. Kvart år blir omlag 10 000 konsertar spelte i skolar, kulturhus, klubbar, konserthus og barnehagar over heile Noreg, i tillegg til i Afrika, Midtausten og Asia. Rikskonsertane har eit særleg ansvar for norske musikk- og utøvartradisjonar, for å fremje kunstnarlege nyvinningar og for å ta ansvar for musikkuttrykk som marknaden ikkje vil eller kan bere.

Oppdragsgivaren til Rikskonsertane er Kulturdepartementet.

ARBEIDSOMRÅDE
Rikskonsertane si verksemd konsentrerer seg i hovudsak om:

Offentlege konsertar – verksemda er avslutta frå august 2012
I 2011 blei det fatta eit politisk vedtak om å leggje ned Rikskonsertanes offentlege verksemd, med verknad frå august 2012.

I lenkja under kan du sjå oversikten over Rikskonsertanes offentlege turnear våren 2012, som var vår siste sesong med offentlege konsertar. Den siste konserten var med Arve Henriksens ”Tidssoner for trompet og treverk”, og fann stad i Korskirken i Bergen, 31. mai 2012.

Skolekonsertar
600 000 norske skolebarn får to årlege besøk av profesjonelle musikarar på skolen sin. Kvart år blir det arrangert 9000 skolekonsertar. Konsertane blir gjennomførte av omlag 800 utøvarar.

Rikskonsertane er ein nasjonal aktør i Den Kulturelle Skolesekken, det vil seie at skolekonsertturnéane frå Rikskonsertane inngår i DKS-tilbodet til skolane og er finansiert av Kulturdepartementet. Skolekonsertordninga blir forvalta av Rikskonsertane i samarbeid med alle fylka i landet. Fylka har ansvar for turnélegging og delar av konsertproduksjonane i sine respektive fylker. Kommunane abonnerer på skolekonsertane. Den enkelte skole står som arrangør av konsertane på skolane, og legg til rette og førebur den enkelte konsert. 99,7 % av landets kommunar har avtale om skolekonsertar gjennom DKS/Rikskonsertane.

http://www.rikskonsertene.no/Skole

Utanlandsverksemd
Rikskonsertane har gjennom 20 år samarbeidd med musikkmiljø i Asia, Midtausten og i Afrika. Hovudmålsetjinga er å gi gode konsertopplevingar til barn og unge gjennom skolekonsertar i desse landa, og å tilby levande kvalitetsmusikk til eit vakse publikum. I tillegg held desse artistane ofte workshops i landa dei besøker. Musikarar frå samarbeidslanda reiser også på turnear for Rikskonsertane i Noreg.

Utanlandsverksemda blir drive i samarbeid med og er støtta av UD.

http://www.rikskonsertene.no/Utland

Oslo World Music Festival  – eiga stifting frå januar 2012
Som ledd i vedtaket om å leggje om Rikskonsertane, blei det óg vedteke å gjere Oslo World Music Festival om til ei eiga stifting. Dette trådde i kraft januar 2012. Under her kan du lese litt om historia bak Oslo World Music Festival.

Rikskonsertane arrangerte Oslo World Music Festival for første gong  i 1994, under namnet ”Verden i Norden”.  

Festivalen skal skape møteplassar for Oslo sine bebuarar og tilreisande gjestar med ulik kulturell bakgrunn og røynsle. Programmet skal halde høgt kunstnarleg nivå, ha god geografisk spreiing og dekke jamvel moderne som tradisjonelle musikkformer. Hovudtanken var og er å presentere musikk frå heile verda; alt frå urban musikk til samtidsmusikk og folkemusikk frå Afrika, Asia, Midtausten og Latin-Amerika. Målet er å syne den store rikdomen i ulike musikk-kulturar.  Festivalen syner fram nye, up and coming artistar, så vel som kjende artistnamn frå heile verda.

Festivalen blir arrangert i Oslo, som er den kommunen i landet med flest innbyggjarar med fleirkulturell bakgrunn. Kvart år reiser nokre av artistane på festivalprogrammet vidare på turné i resten av landet, på oppdrag frå Rikskonsertane.

Festivalen går av stabelen den fyrste veka i november kvart år.

www.osloworldmusicfestival.no

Bornas Verdsdagar
Bornas Verdsdagar er ein internasjonal familiefestival – ein fargerik møteplass med kulturuttrykk frå ulike stader i verda  - med verkstader, framsyningar, konsertar, mat og utstillingar for barn i alle aldrar. Og alt er gratis! Verdsmusikken står sentralt, men konseptet innlemmar også utøvarar innafor andre kunstformer. Det blir lagt vekt på eit variert program, med tilbod for fleire aldersgrupper og deltaking i aktivitetar som barn og vaksne kan gjere saman. Dekor og sanseinntrykk er ein viktig del av opplevinga av dei ulike kulturane.

Som del av Oslo World Music Festival har Rikskonsertane arrangert Bornas Verdsdagar i 12 år, som ein eigen festival i festivalen. I Mangfaldsåret 2008 blei tilbodet for første gong gitt til andre stader i landet. I fjor var heile 16 000 publikummarar på Bornas Verdsdagar, anten i Asker, Førde, Larvik, Narvik, Stavanger, Skien, Ås eller Oslo. Til saman var omlag 40 nasjonar representerte i programma og 3500 personar involverte i arrangementa. Rikskonsertane sitt bidrag består i kompetanseoverføring, rettleiing og oppfølging ved sida av røynde, profesjonelle utøvarar innan verdsmusikk- og dans. Vi legg vekt på godt samarbeid mellom ulike aktørar. Ikkje minst ser vi kulturskolane som ein samarbeidspartnar.

Rikskonsertane ønskjer å utvikle Bornas Verdsdagar til arena for det lokale mangfaldsarbeidet rundt i landet. Målet er at det innan 2014 skal vere Bornas Verdsdagar på 21 stader rundt om i landet.

 http://www.rikskonsertene.no/BarnasVerdensdager/

Om INTRO-programma – talentutvikling i Rikskonsertane:
Rikskonsertane forvaltar tre talentutviklingsprogram for unge utøvarar; Jazzintro, INTRO-klassisk og INTRO-folk. Programma er toårige, med konkurranse og lansering annakvart år. Lanseringspakka frå Rikskonsertane inkluderer blant anna festivaljobbar og noregsturné, samt moglegheiter for skolekonsertturné, utlandskonsertar og tilgang til Rikskonsertane sitt digitale produksjons- og redigeringsstudio.

Støtteordninga blei etablert i 1972.

Leif Ove Andsnes har vore blant dei unge talenta som har motteke stønad frå Rikskonsertane. Han var berre 17 år gamal då han spelte seg til topps i konkurransen.”

INTRO-klassisk utøvarar 2010 - 2011:
Sara Övinge - fiolin
Catharina Chen - fiolin

Blant dei mange vinnarane er til dømes:
Wolfgang Plagge – klaver (1972), Carl Høgseth - sang (kontratenor) (1977) Iver Kleive – orgel (1977), Marianne Hirsti - sang (sopran) (1981), Håvard Gimse – klaver (1984)
Are Sandbakken – bratsj (1989), Njål Sparbo - sang (bass) (1991), Henning Kraggerud - fiolin ("Årets debutant") (1992), Frode Haltli - akkordeon ("Årets unge solist") (2001),  Rolf-Erik Nystrøm – saxofon (2001),  Isa Katharina Gericke – sopran (lanseringsprogram 2002-2004), Johannes Weisser – baryton (lanseringsprogram 2005-2008)

Jazzintro-vinnarar:
Urban Connection (1998),  ra (2000), Solid! (2002), in the country (2004), Puma (2006),  Albatrosh (2008) og Ferner/Juliusson (2010)

Vinnarar INTRO-folk
Kim André Rysstad (2009)
Benedicte Maurseth (2007)
Majorstuen (2005)