Traust, norsk polka vart sensuell og reinlendaren fekk afrikanske rompevrikk da dei norske TALENT-deltakarane denne veka møtte igjen sine zambiske og tanzanianske vener i Tanzania.
Sist dei møttest, for aller første gong, var for eit halvt år sidan - under Førdefestivalen sommaren 2009. No var det som å treffe gamle kjente, fortel ein av dei fire norske deltakarane, Olaug Furusæter:
-Vi frå Norge var dei siste som kom fram til staden der vi skulle overnatte, og deltakarane frå dei to andre landa gav oss ein varm velkomst da vi kom. Gode klemmar, som å møte gamle vener att. Rett og slett kjempekoseleg!

Dei ti deltakarane, frå da dei møttest under Førdefestivalen i 2009. Foto: Knut Utler
Talent
Dei ti deltakarane, fire frå Norge, tre frå Tanzania og tre frå Zambia, er alle unge, talentfulle folkemusikarar.
TALENT er eit samarbeid mellom Førdefestivalen, Rikskonsertane, Utanriksdepartementet og samarbeidspartnarar i dei to inviterte landa, denne gong Tanzania og Zambia. Tre musikarar frå 18-25 frå kvar av dei to landa, og fire frå Norge, vert inviterte til å delta. To norske musikarar er kunstnarlege leiarar. Prosjektet vart arrangert første gong i 1995, og har sidan vore eit årleg prosjekt.
Målet er å presentere særlege talent blant unge norske og utanlandske folkemusikarar, og å auke forståinga og kunnskapen om ulike kulturelle uttrykk. Under Førdefestivalen levde dei ti musikarane tett på kvarandre og skapte musikk i ei heil veke. Det resulterte i fem konsertar under festivalen.
-Sist vi møttest, skjedde dette mykje på afrikanarane sine premissar, no er det vekt på det norske. I Førde var det afrikanske eksotisk, her i Tanzania er det norske eksotisk, seier Elise Wessel Hildrum.
Sensuell polka
I tillegg til å jobbe saman i TALENT-gruppa, har dei ti óg hatt workshop med lokale musikk- og dansestudentar på TaSuBa college i byen Bagamoyo. Her har det blitt både polka og reinlendar, men med afrikansk vri.
- Afrikanarane i gruppa tilfører den norske folkemusikken noko heilt nytt! Dei har ikkje tre-takt i musikken, så vi brukar to-takt. Da er det lett å slenge seg på med trommer og andre afrikanske instrument. Dei norske folkesongane vert heilt annleis enn heime! Det svingar som berre det! Den trauste polkaen vert plutseleg sensuell og spenstig når ein legg til afrikanske rompevrikk, seier Ida Furusæter.

Polka med afrikansk vri. Instruktør og Frikar Ulf-Arne Johannessen følgjer med i bakgrunnen. Foto: Solveig Korum Manga
Alle fire er samde om at dei har fått eit nytt forhold til både dansen og musikken etter å ha sett korleis afrikanarane tolkar den norske folkemusikken.
- Dei speler riktig og er heilt med på notane, men gjer musikken likevel til sin eigen. Det er veldig gøy!, seier dei oppglødde.
Også norsk hallingkast har slått an:
- Afrikanarane er spreke til å danse laus og greide hallingkastet på første forsøk. Trass i at hatten vart heva høgare og høgare, greide dei det: IMPONERANDE! Dei er vande med mykje akrobatikk i sine tradisjonelle dansar, kanskje det er difor dei fiksar dette så bra? undrar dei norske folkemusikarane.
-Ein unik sjanse
Det fine med TALENT-prosjektet er ikkje berre høvet til å utvikle seg som musikar, men óg å oppleve at språkbarrierar, kulturskilnader og ulike musikktradisjonar ikkje lenger er hindringar, men heller ein heilt spesiell sjanse til å skape noko nytt – ny, felles musikk og ei ny forståing.

Samspel i Tanzania! Foto: Solveig Korum Manga
-Dette er ei heilt unik og sjeldan moglegheit til å utveksle med og forstå andre. Det er viktig for oss som er unge musikarar. Vi vert truleg påvirka på ein heilt annan måte enn dei eldre musikarane – vi veit at alle moglegheiter ligg der og at vi berre må suge til oss ei slik røynsle. Det er veldig viktig at ein er open både musikalsk, sosialt og kulturelt for lære, og for å bli kjend med andre kulturar når ein skal drive med kultur sjølv, avsluttar Margit Myhr.
Deltakarar:
Norge:
Olaug Furusæter, fele
Ida Furusæter, torader
Elise Wessel Hildrum, fløyte, dans
Margit Myhr, vokal, hardingfele, langeleik
Zambia:
Philip Lundu, dans, vokal, trommer
Muyano Muyano, dans, xylofon, trommer
Winnie Luhanga, dans, vokal, perkusjon
Tanzania:
Jilema Shija Kulwa, vokal, zeze
Kauzeni Lyamba, dans, vokal, fløye, trommer
Grace Kalima, dans
Kunstnarlege leiarar:
Steinar Ofsdal
Ulf-Arne Johannessen