[Mal] Flørt og fanteri

[Mal] Flørt og fanteri
John Kristian Karlsen

Målgruppe: 1. trinn til 7. trinn.

Beskrivelse

Det er med stor glede kultursekken i Møre og Romsdal kan presentere eit operaprogram for barnesteget! Dei tre musikarane i Opera Nordpå framfører ei historie som er bunden saman av ein rekke kjente arier og duettar frå operalitteraturen. Tett, nært, uhøgtideleg, personleg og humoristisk er stikkord for programmet. Elevane får høyre utdrag frå opera, operetter og musikaler. Repertoaret er henta frå Rossini, Verdi og andre sentrale operakomponistar. Sangtekstane vert sunge på originalspråk eller norsk. Vi ønskjer å vise elevane desse musikkformene med ein energisk og levande produksjon, forteller utøvarane i ensemblet.

Om artistene

Opera Nordpå er ein fri, profesjonell trio som ble starta i januar 2001. Den har base i Bodø-regionen. Ensemblet har gjort seg bemerka i landsdelen med m.a. flotte kritikker for sitt gjestespel under Festspillene i Nord-Norge 2002. Framsyninga Flørt og fanteri er tidlegare spelt i Rogaland, Nordland, Finnmark og Nord-Trøndelag. Sjå også: www.operanordpa.no John Kristian Karlsen, tenor, er tilsett som distriktsmusikar i Sørfold kommune i Nordland. Han har utdanning i song frå Høgskolen i Tromsø og Staatliche Hochschule für Musik i Trossingen, Tyskland. I tillegg har han musikkteaterutdanning frå konservatoriet i Trondheim. Han har hatt solistengasjement innan opera, operetter, musikalar og kyrkjeverk.Åse Helén Krystad er i denne turnéen vikar for Elisabeth Misvær. Åse er født i Flakstad i Lofoten og har si utdanning frå Nordnorsk Musikkonservatorium, Trøndelag Musikkonservatorium og KHIO, avd.Statens Operahøgskole. Sidan debuten i 1999 har ho gjort ei rekke roller på Den Norske Opera, som m.a. Grevinna i Figaros Bryllup, Despina i Cosi fan tutte og Pamina i Tryllefløyten. Ho har også arbeidd med andre operakompani i Noreg, m.a. fleire produksjonar med Opera Vest i Bergen og Musikkteater i Bodø. I tillegg har ho gjort ein hel del kyrkjemusikk, romansekonsertar og har sunge med dei fleste av symfoniorkestra og dirigentar i landet. Ho har også fått ein rekke stipend.Sveinar Aase på klaver er tilsett som distriktsmusikar i Sørfold kommune. Han har gjort seg bemerka som ein allsidig pianist med konsertar innan ein rekke sjangre. Han har seks års pianistutdanning frå Høgskolen i Tromsø og diplomeksamen fra Staatliche Hochschule für Musik i Karlsruhe.

Lærerveiledning - forberedelser

Som eit godt døme på kva elevane får presentert, foreslår vi at elevane får høyre ”Largo al factotum” frå Barbereren i Sevilla av Rossini. I denne scenen presenterar barbereren seg for publikum som ein stor skrytepave. Han gratulerar seg sjølv med sitt herlige liv. Denne songen er eit godt døme på den humor programmet representerer.Som basiskunnskap foreslår vi at elevane på førehand får sjansen til å bli kjend med ord som: Opera: Dramatisk skodespel der ordene heilt eller delvis vert sunge til akkompagnement. Arie: Solosong med instrumentalt akkompagnement Duett: Komposisjon for to (song)stemmerAndre tips til førearbeid kan vere å lytte til opera og snakke om handlinga i operaer. Nokre er bygd på eventyr, andre på gresk mytologi etc. Biblioteket har kanskje eit operaleksikon der man kan lese om handlinga i einskilde operaer.

Lengde: 40 min.

Produksjonsnummer: 1.07HT.30

Produsent: Lene T. Mordal, e-post: lene.mordal@mrfylke.no, tlf. 71 25 88 53

Konsept av: Opera Nordpå i samarbeid med Knut Sether (regi) og Håkon Skoge (prod.)

Kontaktperson: Sveinar Aase, 75520680/41339405, sv-aas2@online.no

Merknader

Det er særs viktig at instrumentet er i orden. Vi ber om at musikk-ansvarleg ved skolen sjekker dette og ev.t. tek kontakt med produsent i god tid dersom det trengs. Med "nystemt piano" meiner ein eit akustisk piano som er halden vedlike og ikkje lyder ustemt. Bør stemmast ca 1 gong pr år og ikkje utsetjast for store temp.endringar, fukt, uforsiktige flyttingar m.m. Musikarane ønskjer å få vite korleis instrumentet er og kjem til å nemne dette når dei ringer på førehand. Dersom skolen ikkje har akustisk piano kan eit digitalpiano også vere bra. Dette må då ha like mange tangentar som eit vanlig piano, dvs ca 88, og stå på golv, ikkje stativ. Dersom de er i tvil om instrumentet, ver vennleg å ta kontakt med produsent.

Vedlegg:
  • Rundt flygelet (.no)
  • Opera Nordpå (.no)
  • Liten video-bit Flørt og Fanteri (.wmv)