Lottes hemmelighet

Lottes hemmelighet - Rute 33
Målgruppe:
1. trinn
til
7. trinn.
Artister:
-
skodespelar:
Ane
Aass
-
pianist og komponist:
Asgeir
Hoffart
-
fiolinist:
Judit
Toth Sylte
-
cellist:
Per Kåre
Fossum
Beskrivelse
Lotte var ei elskeleg lita jente så lenge foreldra hennar gjorde som ho sa. Men det gjorde dei diverre nesten aldri. Lotte motsa foreldra stadig, og foreldra motsa Lotte. Det stod klart for Lotte at det ikkje kunne halde fram på dette viset. Ho bestemte seg for å gjere noko med det.
Eventyret av den tyske forfattaren Michael Ende handlar om Lotte sine påfunn, spanande rom, ein fe og trylling men mest om familieharmoni, kompromiss og kommunikasjon.
Skodespelaren Ane Aass og dei tre Møremusikarane Judit Sylte, Per Kåre Fossum og Asgeir Hoffart vil framføre eventyret om Lotte. Saman vil dei ta vaksne og barn inn i Lotte si fantasiverd og fortelje om korleis det kan gå når ein berre tek seg til rette……….
Om artistene
Rute 33 er ei Møremusikargruppe og ein trio som byr på eit klassisk repertoar for fiolin, cello og klaver. Saman har dei farta land og strand rundt i fylket vårt og dei har skaffa seg brei erfaring gjennom arbeid med skolekonsertar, orkesterproduksjonar, teaterframsyningar, kammerkonsertar, undervisning og mykje meir.Judit Toth Sylthe - og dei andre to musikarane - arbeider ved Molde kulturskole. Judit er fiolinpedagog, og ho tek ellers på seg oppdrag over heile fylket som utøvande fiolinist.Asgeir Hoffart er ein allsidig musikar som kan arbeide innanfor dei fleste sjangrar. Han spelar gjerne jazz, og er utdanna klassisk pianist. Han er ein røynd akkompagnatør og pianopedagog. Musikken til denne konserten er det Asgeir som har komponert! Asgeir er i år óg aktuell med skolekonserten "Kattekista".Per Kåre Fossum er cellist i gruppa. Han har lang erfaring som orkestermusikar, solist og kammermusikar.Ane Aass har vore instruktør for produksjonen og er no også med som skodespelar. Ho har utdanning i folkekunst, litteraturvitenskap, dramaturgi, teaterhistorie og medievitenskap, samt allsidig erfaring som skodespelar og instruktør i Oslo og i Trøndelag.
Lengde:
45 min
Produksjonsnummer:
1.09HT.25
Produsent:
Lene E. Torgersen Mordal, tlf. 71 25 88 53, e-post: lene.mordal@mrfylke.no Produksjonsnr. 1.09HT.25
Konsept av:
Musikarar og skodespelarane Gøril Haukebø/Valborg Frøysnes i samarbeid med produsent Lene T. Mordal og instruktør Ane Aass. Asgeir Hoffart er komponist og Ane Aass har tilpassa teksten i samarbeid med skodespelarane Gøril Haukebø og Valborg Frøysnes.
Merknader
Konserten er laget med løyve frå forlaget til Michael Ende: Thinemann Verlag (Thinemann Verlag GmbH), Stuttgart - Wien.
Vedlegg:
Sceneoppsett for Lottes hemmelighet (.doc)