Fjord og Fjell

Fjord og Fjell
Fjord og Fjell

Målgruppe: 8. trinn til 10. trinn.

Artister:
  • Saxofon, kontra-altklarinett: Webjørn Sæther
  • Slagverk: Jo Inge Nes
  • Gitar: Øystein Sandbukt
  • Kontrabass: Audun Skorgen
Beskrivelse

Dei fire Møremusikarane i Fjord og Fjell på Sunndalsøra vil framføre musikk med røter både i folkemusikken, jazz og rock. Alt materialet har musikarane arrangert sjølv, noko er eigenkomponert og noko er etter folkemusikarar på Nordmøre. Elevane vil få ei oppleving som gjev dei gode kjensler men som også utfordrar dei som lyttarar! Det gode samspelet musikarane imellom og mellom musikarar og tilhøyrarar er eitt av måla i denne konserten.

Om artistene

Møremusikargruppa Fjord & Fjell består av fire musikarar med særs ulik bakgrunn. Med klåre referansar til jazz, rock og folkemusikk, har dei gjennom 15 år funne sitt eige unike uttrykk. Musikken kan beskrivast som leikande og dynamisk, der fire sterke musikalske personlegheiter foreinast i eit forrykande samspel.AUDUN SKORGEN frå Ålesund er bassist i Fjord og Fjell. Han har utdanninga si frå jazzlinja i Trondheim og har gjennom alle år vore ein aktiv frilansar i fylket vårt og i Trondheims-miljøet. Han har også vore landsdelsmusikar i Finnmark. Audun beherskar både kontrabass, elbass og gitar og musiserar på ein varm og fri måte. Med sitt gode gehør og humør kan han fort tilpasse seg musikk i ulike stilartar; dessutan er han ein meister innan improvisasjon. Audun er også turnéaktuell i barneskoleproduksjonen "Frå null til tull".JO INGE NES har lang fartstid som trommeslagar med ein allsidig musikalsk bakgrunn. Han har ein spelestil som er lydhør, kreativ og med sans for heilskapen. Han arbeidder også med scenografi, koreografi og liknande, som gjer at han ofte er nytta som produsent. Han har jobba mykje med prosjekt retta mot born og unge, og ofte også mot dei med særskilte behov. ØYSTEIN SANDBUKT spelar til vanleg mest på akustisk stålstrenggitar, men spelar el-gitar og bassgitar der det trengs. Øystein har bakgrunn frå rock og blues, men har i dei seinare åra fatta interesse for folkemusikk – noko som har resultert i ein mastergrad i tradisjonskunst, med fordjuping i folkemusikk, frå Høgskulen iTelemark. (Improvisasjon i tradisjon). Øystein er aktiv i fleire folkemusikkgrupper som ”Den Store Norske Gitarkvartett” og ”Onkel Folke”, og reiser på skulekonsert-turné med folkemusikk-produksjonen ’Æppel Pæppel’. I tillegg kan han halde solokonsertar, eller akkompagnere solistar i ulike genrar. Øystein har også komponert mykje musikk, m.a. til to ”’Ut i Naturen”-program og fleire skulekonsert-produksjonar. Han har også arrangert folkemusikk for kor og spelemannslag. WEBJØRN SÆTHER er fra Sula og er utdanna komponist og jazz-saksofonist frå konservatoriet i Bergen. Han har tidlegare vore Møremusikar i Ulstein kommune, har også dirigert korps og forøvrig hatt mange frilans-oppdrag i distriktet, både som musikar, komponist og instruktør. Han har vore tilknytta Trondheims-miljøet m.a. gjennom lærarverksemd i Trondheim Musikkakademi. Kjend er han også for komponistoppdraget for NRK, der han har laga musikken til TV- serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu". Hans rå og kompromissløse uttrykksform, både når det gjeld hans improvisasjonar og komposisjonar, gjer musikken både energi, humor og varme. Webjørn er skoleåret 2009/2010 vikar for Peter Wergeni i Fjord og Fjell.Litt om Møremusikarane : Kjernen i Møremusikar-ordninga er dei 9 faste profesjonelle musikarane. Dei er tilsett i Møre og Romsdal fylke, og er lokalisert i grupper på tre stader: Ålesund, Sunndalsøra og Molde. I tillegg til å vere utøvande musikarar for kulturlivet i fylket vårt har dei óg sitt virke i den lokale kulturskolen som pedagogar. Sjå www.moremusikarane.no og les om Møremusikartenester.

Lærerveiledning - forberedelser

Det er nyttig å merke seg og førebu elevane på at denne konserten ikkje er tradisjonell i formen. Utover nokre opningsord frå musikarane vil det ikkje bli snakka eller forklart noko i konserten. Musikarane står heller ikkje side om side på rekkje ut mot publikum men forflyttar seg i rommet i midten med publikum rundt seg. Ein ønskjer i staden at tilhøyrarane skapar sine eigne, frie bilete ut frå kva dei høyrer og kva dei ser. Her er ingenting feil. Musikarane har vore inspirert av mykje under produksjonen, m.a. natur, kommunikasjon og relasjonar, klang, puls og rytme. Deira bruk av det fysiske rommet i midten av "scena" er bevisst og gjev uttrykk for historier og målretta handlingar. Ein ønskjer at konserten skal gje ettertanke til kva som skjer og at kvar einskild skal kunne få oppdage og utforske "handlinga". Det er óg lov til å berre slappe av.........

Lærerveiledning - etterarbeid

Samtale om konserten: Kva for bilete fekk de? Kva for kjensler fekk de? Vart de oppfriska - trøytte - avslappa m.m.? Gjenkjente de noko om relasjonar? Minner det dykk om relasjonane i dykkar kvardag? Merka de nokon start og slutt på konserten - i så fall på kva måte? Kva gjorde sceneoppsettet med kontakten mellom musikarar og publikum? Korleis hang låtane saman (det er tilsaman 6 låtar) - verka det som eitt langt stykke eller som oppdelte låtar? Skapande aktivitetar: Ut ifrå kva de høyrte og kva de såg: Korleis kan de vere skapande etter konserten? Kan de skape tekstar eller teikne/male bilete ut frå inntrykka/bileta/historiene de ev.t. fekk? Kunnskap om musikken og instrumenta: Kva for instrument vart nytta? På kva måte vart t.d. perkusjonen nytta? Kva for verkemiddel i komposisjonane vart nytta, t.d. bearbeidinga av tema i nokre av låtane? Kva for rolle har improvisasjonar i denne musikken?

Lengde: 40 min

Produksjonsnummer: 1.09HT.33

Produsent: Lene E. Torgersen Mordal, tlf. 71 25 88 53, e-post: lene.mordal@mrfylke.no Produksjonsnr. 1.09HT.33

Konsept av: Fylkesprodusent i samarbeid med musikarane. Instruktør Hallgeir Frydenlund, produsent i Rikskonsertane.

Kontaktperson: Møremusikar og gruppeleiar Øystein Sandbukt, tlf. 90 03 21 53

Vedlegg:
  • Sceneoppsett Fjord og Fjell (.pdf)
  • Fjord og Fjell - Webjørn Sæther (.08)
  • Fjord og Fjell - Audun Skorgen (._08)
  • Øystein Sandbukt (.tif)
  • Jo Inge Nes (.tif)