Ekornes i 100

Ekornes i 100
Ekornes i 100

Målgruppe: 1. trinn til 7. trinn.

Artister:
  • slagverker: Kenneth Ekornes
Beskrivelse

Når Kenneth Ekornes speler ser han heile tida for seg forskjellige landskap som han omformar til lydlabyrintar. Programmet EKORNES I HUNDRE er ei oppleving av rom, klang, rytmar og natur. Det er også ei reise i tid og ein presentasjon av ulike slagverksinstrument gjennom hundre år.

Kenneth Ekornes har både med seg eit trommesett som historisk sett er 100 år gamalt og elektroniske slagverksinstrument som er laga dei siste 10 åra. Ved hjelp av trommene fortel han at tida og utviklinga går snøggare og snøggare i den moderne verda. Til dømes har Kenneth sjølv i løpet av 20 år besøkt meir enn 50 av dei landa han hentar inspirasjon og intrument frå.

Kenneth Ekornes har mellom anna henta inspirasjon frå Brasil, Afrika, India og Noreg. Når han opptrer bruker han alltid dei første minuttane til å bli kjent med rommet og publikum, slik at kvar enkelt framsyning blir unik. Jo meir respons han får, jo meir energi blir frigjord slik at nye ting dukkar opp undervegs Med én musiker på scenen og 100 trommer presenteres rytmer fra 100 land på instrumenter som er opptil 100 år gamle!

Om artistene

Kenneth Ekornes studerte på rytmisk linje ved musikkonservatoriet i Kristiansand. Som frilansmusikar med base i Oslo speler han bl.a. med Mari Boine, Trio de Janeiro, Nymark Collective og Føyk. Han har også jobba med Ole Paus, Baba Nation og i NRK sin Barnetimen for dei minste. Kenneth Ekornes' hobby er å samle slaginstrument og ”dingel-dangel” frå heile verda. På lageret sitt på den gamle sjokoladefabrikken i Oslo set han desse saman til unike trommesett, skreddarsydd til kvart nye prosjekt. Kenneth har tidlegare turnert for Rikskonsertane med framsyningane ”Draumetid” og ”Gumbo”. Sist haust var han deltakar på eit Rikskonsert-prosjekt i India.

Lengde: 40 min

Produksjonsnummer: 1.06V.051

Produsent: Hallgeir Frydenlund, Rikskonsertene © 2005

Konsept av: Kenneth Ekornes/Hallgeir Frydelund. Produksjonsnr. 1.06V.051