OM OSS


Visjon og verdiar i Rikskonsertane

Rikskonsertane – rører ved, overraskar og begeistrar!

Det vil seie at Rikskonsertane skal skape og leggje til rette for fellesopplevingar av musikk og kunst i heile landet og internasjonalt. Gjennom kvalitet, breidd, samarbeid og nye formidlingsformer skal Rikskonsertane vere eit kraftsentrum i norsk musikk- og kulturliv.

Verksemdsidé
Kva er vår oppgåve?

Rikskonsertane skal formidle konsertar som er produserte internt eller eksternt i samarbeid med utøvarar og aktørar innan norsk og internasjonalt musikkliv. Rikskonsertane skal ha eit spesielt ansvar for norske musikk- og utøvartradisjonar, og fremje kunstnariske nyvinningar.

Rikskonsertane skal nå eit stort publikum i alle delar av landet med det beste frå ulike musikksjangrar og musikk-kulturar. Barn og unge er ei prioritert målgruppe.

Rikskonsertane skal vere ein leiande aktør i musikksamarbeidet med andre land, og medverke til samarbeid og heilskapleg utvikling av musikklivet – både nasjonalt og internasjonalt.

Ønskt omdømme
Vi ønskjer å bli oppfatta som

- eit musikalsk kraftsentrum
- ein viktig samarbeidspartnar
- open for nyskaping
- samlande for norsk musikkliv
- effektiv og serviceorientert

Eit musikalsk kraftsentrum
Rikskonsertane vil bli oppfatta som eit synleg og positivt kraftsentrum i norsk musikkliv, til stades for publikum og alle i musikkbransjen. Vi skal vere aktuelle og nyskapande i kraft av musikalsk innhald og formidlingsformer, og kombinere kunstnarisk utvikling med målsetjingar om gjennomslag hos eit breitt publikum.

Ein viktig samarbeidspartnar
Rikskonsertane ønskjer å bli oppfatta som ein viktig samarbeidspartnar og ein profesjonell tilretteleggjar som stimulerer til utvikling av norsk musikkliv og karrierebygging for musikarar i inn- og utland. Vi skal vere ein etterspurd formidlar, produsent og medprodusent, og ha ei presis kommunikasjonsform overfor ulike målgrupper.

Open for nyskaping
Rikskonsertane ønskjer å bli oppfatta som open for nye impulsar og idear og dermed oppdatert på utviklinga innan musikk- og kunstformidling. Vi skal vere ein open organisasjon når det gjeld eksterne forslag og synspunkt, og vi skal vere i konstant dialog med utøvarar og samarbeidspartnarar.

Samlande for norsk musikkliv
Rikskonsertane ønskjer å bli oppfatta som ei drivkraft for meir samarbeid, breie alliansar og ei heilskapleg utvikling av norsk musikkliv nasjonalt og internasjonalt. Vi skal operere på tvers av musikalske, kulturelle og institusjonelle skiljelinjer.

Effektiv og serviceorientert
Rikskonsertane ønskjer å bli oppfatta som ein moderne og effektiv organisasjon med høg kvalitet på leiing, forvaltning og gjennomføring.

Vi skal vere positive, fleksible og løysingsorienterte.

 


Arild Andersen


Surferosa


Oslo World Music Festival:
Ali Farka Toure


El Caco