Åse Kleveland Musikk-Norges tredje mektigaste
Denne uka vert musikkbransjen samla under by:Larm i Oslo. I det høvet har Aftenposten kåra dei mektigaste aktørane i Musikk-Norge. Direktøren i Rikskonsertane, Åse Kleveland, kjem på tredje plass.

Åse Kleveland. Foto: Patrick Österberg
Øvst tronar NRK sin talkshow-vert Fredrik Skavlan. Ifølgje Aftenposten utløyser ein opptreden i programmet hans eit kjempesal av plater. Med rundt 3 millionar norske og svenske tv-sjåarar, er Skavlan den viktigaste profileringsarenaen for artistar. På andreplass kjem Tom Remlov, administrerande direktør for Den norske Opera & Ballett. Ifølgje Aftenposten har han gitt Operaen eit løft og eit fotfeste langt utanfor det vanlege kjernepublikummet, noko som har gjort operascena attraktiv for norske og utanlandske artistar.
Åse Kleveland er lista opp som den tredje mektigaste i norsk musikkbransje. "Ved årlig å finansiere og arrangere nærmere 10 000 årlige konserter, er Rikskonsertene den viktigste aktøren for å få levende norsk musikk ut til distriktene", skriv Aftenposten. I tillegg vert det trekt fram at utan Rikskonsertane sitt initiativ, ville ei rekkje utanlandsturnear truleg ikkje vorte gjennomførte. Kleveland vert omtala som ein leiar som "med sin lange erfaring og fremtredende posisjon i norsk kulturliv innehar (...) den nødvendige autoriteten for å innfri Rikskonsertenes ambisiøse mandat".
Andre namn på lista er Audun Tylden, Joakim Haugland, Stephan Barratt-Due, Per Sundnes, Hilde Bjørkum og Per Ole Hagen.
Les også http://www.kampanje.com/pr/article547371.ece