Kim André Rysstad blei Årets unge folkemusikar 2009!
På Nordsjøfestivalen i Farsund laurdag kveld kunne endeleg juryleiar i INTRO-folk og direktør i Rikskonsertane Åse Kleveland utrope kvedaren Kim André Rysstad (28) til Årets unge folkemusikar.
– Kim André Rysstad er tru mot tradisjonen samtidig som vi opplever ein tydeleg ambisjon om å utvikle og utvide tradisjonen. Vi er overbeviste om at denne unge kvedaren ber i seg moglegheita til å utvikle eit særeige uttrykk prega av den personlege forteljarevna, nærværet og musikaliteten han har. Han har eit uttrykk som både vil røre ved og begeistre mange i åra som kjem, uttalte juryen. I juryen sat Steinar Ofsdal, Unni Løvlid, Gunhild Tømmerås og Åse Kleveland.
Kim André kjem frå Rysstad i Setesdal, og har på kort tid etablert seg som ein høgt respektert utøvar med sitt eige, personlege uttrykk. Han har gått i lære hos den kjende folkesongaren Kirsten Bråten Berg, og på repertoaret står stev, viser og ikkje minst balladar frå Setesdal og Telemark. Dei andre finalistane var vokaltrioen Eplemøya Songlag og gammaldansgruppa Nordafjells frå Oppdal.
Som vinnar av INTRO-folk 2009 får Kim André Rysstad eit skreddarsydd lanseringsprogram i regi av Rikskonsertane. Programmet inneheld mellom anna konsertar på lanseringsfestivalane til INTRO-folk, turné i Noreg i regi av Rikskonsertane og dessutan ulike profilerings- og promoteringstiltak.
Føremålet med INTRO-folk er å styrkje norsk og samisk folkemusikk. Tanken bak Årets unge folkemusikar er å skape ein arena der utvalde folkemusikarar får høve til å utvikle seg som kunstnarar og få erfaring i å formidle folkemusikk på høgt nivå.
Dette er tredje gong Rikskonsertane, Norsk Folkemusikk- og Danselag, Landslaget for Spelemenn og fleire folkemusikkfestivalar inviterer unge folkemusikarar til konkurranse om å bli Årets unge folkemusikar.
Tidlegare vinnarar er:
2005: Majorstuen
2007: Benedicte Maurseth
For meir informasjon, intervju eller pressebilete, kontakt:
Kristin Stoltz Thomassen, informasjonskonsulent i Rikskonsertene
Telefon: 22 02 59 50 / 920 10 850 E-post: kst@rikskonsertene.no