Annbjørg Lien band

Vi har gleda av å presentere ein ny turné med ein av våre beste musikalske ambassadørar, Annbjørg Lien.

Khoom Loy

ANNBJØRG LIEN – hardingfele, flatfele, nøkkelharpe og vokal
PER ELIAS DRABLØS – bass 
PER HILLESTAD – perkusjon 
BJØRN CHARLES DREYER – gitarar 
EINAR THORBJØRNSEN – tangentar
HANS FREDRIK JACOBSEN – fløyter

GJESTEMUSIKARAR FRÅ NEPAL:

DURGA PRASAD KHATIWADA – fløyter
JIWAN RAI – tabla
SUMAN KUMAR SACHIN – song og nepalesisk harmonium

Rikskonsertane har gleda av å presentere ein ny turné med ein av dei fremste musikalske ambassadørane våre, Annbjørg Lien.

Annbjørg Lien hentar inspirasjon frå eit spekter av tradisjonar, med kreativitet, profesjonalitet og speleglede. Med utgangspunkt i norsk tradisjonsmusikk inviterer ho oss til ei følsam og forrykande reise gjennom stemningar og stilartar. Annbjørg viser igjen at ho er ein av dei mest nyskapande artistane vi har – på både feler og nøkkelharpe – korleis ho koplar tradisjonelle instrument og klangar med dei meir moderne. På denne plata syng Annbjørg også, blant anna på tittelsporet Khoom Loy.

Tittelen speler på mange strenger. Khoom Loy er det thailandske namnet på himmellyktene eller lanternene i Austen. Dei symboliserer kunnskap, rettleiing og gode ønske. Raude lanterner blir brukte når ein skal feire, grøne betyr vekst, purpur er dei mange moglegheitene i livet, rosa står for kjærleik og kvit for helse.

Nettopp spekteret av fargar kjenneteiknar denne produksjonen, som byggjer bruer mellom austleg og vestleg kultur, mellom tradisjon og nyskaping, og mellom fortid og framtid.

Norsk, irsk og austleg folkemusikk miksa med jazz, rock og andre samtidsklangar. Det er like naturleg å bruke nepalske gjestemusikarar som å setje tonar til dikt av Jakob Sande og André Bjerke. Musikken vekslar mellom det intense og det inderlege, mellom nære augneblinkar og storslagne utsikter, mellom instrumentalmusikk og songar.

Med på turneen er også tre musikarar frå Nepal Music Center i Katmandu. Dei er for tida gjester ved Universitetet i Agder, i samarbeid med Fredskorpset.

”Eg gler meg veldig til å reise på turné saman med eit fantastisk band og dei gode musikarane og vennene mine frå Nepal. Velkomne skal de vere!” seier Annbjørg Lien.

Albumet Khoom Loy kjem ut på Grappa musikkforlag i forkant av turneen.


TURNÉ:

09.02.   Oslo, Cosmopolite
10.02.   Bjugn kulturhus
11.02.   Brattvåg, Ingebrigt Davik-huset
12.02.   Ørsta kulturhus
13.02.   Stryn kulturhus
14.02.   Førde, Førdehuset
16.02.  Arendal kulturhus
17.02.   Larvik, Kulturhuset Bølgen
24.02.   Bø, Gullbring kulturhus
25.02.   Seljord, Granvin kulturhus
29.02.   Asker kulturhus
01.03.   Horten, Bakkenteigen kulturhus
02.03.   Nøtterøy kulturhus

www.annbjorglien.com / www.rikskonsertane.no

 
For meir informasjon og intervjuførespurnader:

Siv Tubaas Grønn, informasjonsrådgivar hos Rikskonsertane

stg@rikskonsertane.no

Tlf.: 916 13 588

 

Heimeside: www.annbjorglien.com


Høyr Annbjørg Lien på:

Spotify



Del denne saken:

Annbjørg Lien

Annbjørg Lien, foto Knut Bry. Klikk på bilete for stor versjon

Turnérute: 

09.02
OSLO, Cosmopolite

10.02
BJUGN kulturhus 

11.02
BRATTVÅG, Ingebrigt Davik-huset



12.02
ØRSTA kulturhus



13.02
STRYN kulturhus



14.02
FØRDE, Førdehuset



16.02
ARENDAL kulturhus



17.02
LARVIK, Bølgen kulturhus



24.02
, Gullbring kulturhus



25.02
SELJORD, Granvin kulturhus



29.02
ASKER kulturhus



01.03
HORTEN, Bakkenteigen kulturhus



02.03
NØTTERØY kulturhus