Debutantstøtte og INTRO-program
Rikskonsertane forvalter i dag tre talentutviklingsprogram for unge utøvarar; Jazzintro, INTRO-klassisk og INTRO-folk. Programma er toårige, med konkurranse og lansering annakvart år. Lanseringspakka frå Rikskonsertane inkluderer blant anna festivaljobbar og norgesturné, i tillegg til moglegheiter for skolekonsertturné, utanlandskonsertar og bruk av Rikskonsertane sitt digitale produksjons- og redigeringsstudio.
Det blir konkurranse innafor alle tre programma i 2012.
Historia bak, og utviklinga av Intro-programma
Tidleg i verksemda erkjende Rikskonsertane at dei unge talenta som var i startgropa til ein profesjonell karriere, hadde behov for ekstra drahjelp. I samarbeid med Norsk kulturråd blei det i 1972 etablert ei støtteordning for ”unge tonekunstnere som skal debutere”. Dei som etter prøvespel fekk debutantstøtte, fekk dekt utgiftene til debutkonserten sin. Dessutan arrangerte Rikskonsertane førdebutkonsertar i distrikta, så musikarane skulle få speleerfaring før den viktige konserten i Oslo. Leif Ove Andsnes var eit av dei unge talenta som fekk debutantstøtte i 1987, berre 17 år gammal. Frå 1994 kunne det bli utnemnt ein ”Årets debutant” blant dei som fekk debutantstøtte. I 1998 blei debutantstøtta avløyst av lanseringsstøtta, men det var stort sett eit namneskifte, for støtta blei framleis brukt til å finansiere debutkonsertar.
Så langt hadde støtta frå Rikskonsertane for det meste retta seg mot klassiske musikarar. Men etter omfattande møteverksemd med jazzmiljøet blei lanseringsprogrammet Jazzintro etablert i 1998 av Rikskonsertane og Norsk jazzforum i fellesskap. Dette gav så inspirasjon til det treårige lanseringsprogrammet INTRO-klassisk, som i 2001 avløyste lanseringsstøtta. Erfaringane med dei to lanseringsprogramma var gode, ikkje minst takka vere samarbeidet med ei rekkje festivalar og organisasjonar, og ein ønskte å utvide verksemda. I samarbeid med folkemusikkorganisasjonane kom i 2005 INTRO-folk, som eit lanseringsprogram for talent innan norsk folkemusikk og samisk musikk. Siste skot på stamma er INTRO-komponist, som MIC Norsk musikkinformasjon handterer, og RiksAlarm!, som vart gjennomført i samarbeid med Alarmprisen i 2008 og 2009.