Talent 2011
Talenta i år er ni unge musikarar frå Tyrkia, Serbia og Norge!
Folkemusikarane Sigrid Kjetilsdotter Jore (23), Jørgen Nyrønning (20) og Mads Erik Odde (19) er valde ut til å vera med på det internasjonale talentprosjektet under Førdefestivalen i sommar.
– Vi er utruleg heldige som får vera med på dette, og gler oss stort, seier dei norske deltakarane. I år er det tre tyrkiske, tre serbiske og tre norske musikarar som deltek i det populære talentprosjektet. Dei ni musikarane møtest for aller første gong søndag 4.juli - like før festivalen, og under leiing av Steinar Ofsdal og Jovan Pavlovic har dei musikkverkstad og opplegg i Førde, for å førebu seg til konsertar under festivalen.

Jørgen Nyrønning. Foto: Johanne Stensaas
Skape dialog
Talentprosjektet er eit samarbeid mellom festivalen i Førde og Rikskonsertane, med støtte frå Utanriksdepartementet. Målet er å opna dører til andre kulturar og skapa dialog. Sidan starten i 1995 har ni unge musikarar i alderen 18–25 år kvart år fått spela saman ei veke i Førde og i tillegg fått reisa på besøk til musikarane frå eitt av dei andre landa.

Sigrid Kjetilsdatter Jore. Foto: Privat
Talentfulle
Musikarane som i år er plukka ut har alle vist seg som talentfulle utøvarar. Sigrid Kjetilsdotter Jore kjem frå Valle i Setesdal. Ho bur i dag i Bø og går første året på Ole Bull Akademiet på Voss med kveding som hovudinstrument. Jørgen Nyrønning kjem frå fjellbygda Ålen i Holtålen kommune i Sør-Trøndelag. Han har spelt fele sidan sjuårsalderen og har teke imot fleire prisar for spelinga si. Mads Erik Odde kjem frå ei folkemusikkslekt i Gudbrandsdalen og har fått folkemusikken inn med morsmjølka. Han spelar trekkspel og har mellom anna markert seg med gode resultat og gylne medaljar.
Dei andre musikarane er: Alina Kozokar (vokal), Daniel Lazar (fiolin) og Djordje Basic (klarinett) frå Serbia, og Tolga Saracoglu (Ney), Mehmet Aydogdu (oud), Baris Yavuz (cello) og Bugra Sercan Sahil (kanun) frå Tyrkia.
.JPG)
Mads Erik Odde
Førdefestivalen vert arrangert frå 7.-10.juli.