Om kort tid møtest TALENT-deltakarane for første gong under Førdefestivalen!
Dei ni unge folkemusikk-talenta er i år frå Norge, Kapp Verde og Brasil.
Auka kunnskap og respekt for både eigen og andre sin kultur er eitt av måla når Førdefestivalen inviterer ni unge talent frå Norge, Brasil og Kapp Verde til å leve saman og skape musikk i ei heil veke.
Unge talent
TALENT er eit samarbeid mellom Førdefestivalen, Rikskonsertane, Utanriksdepartementet og samarbeidspartnarar i dei to inviterte landa, denne gong Brasil og Kapp Verde. Tre musikarar frå 18-25 frå kvar av landa vert inviterte til å delta. Musikarane Steinar Ofsdal og Célio de Carvalho er kunstnarlege leiarar. Prosjektet vart arrangert første gong i 1995, og har sidan vore eit årleg prosjekt. Årets TALENT-prosjekt er det 16. i rekkja.
Under Førdefestivalen skal dei ni musikarane leve tett på kvarandre og skape musikk i ei heil veke.
Talentmusikarane bidreg med musikk frå eigne tradisjonar, og truleg vil kreativiteten og ideane sprudle slik at nye og spennande musikalske uttrykk oppstår!
Deltakarane
Frå Norge kjem hardingfelespelaren Erlend Apneseth (20) frå Jølster, toradarspelemann Hilde Fjerdingøy (26) frå Grane i Nordland og kvedar Ingebjørg Lognvik Reinholdt (25) frå Seljord i Telemark.
Frå Brasil kjem perkusjonisten Luciano Fogaça (23), trekkspelaren Douglas Marcolino (24) og fløytespelaren Thales Milton Barbosa da Silva (22).
Frå Kapp Verde kjem trekkspelar og vokalist Vitor Tavares (18), ferrinhospelar Jacinto Moreno Monteiro (21) og Epifanio Lopes Tavares (26) som spelar cavaquinho og gitar.
Dei musikalske leiarane
Steinar Ofsdal er ein allsidig musikar som trakterar fleire ulike instrument og kan vise til verksemd som både komponist og pedagog. Fløyta er spesialiteten til Ofsdal, og han var i si tid ein av få unge utøvarar som fatta interesse for den gamle sjøfløytetradisjonen i Norge.
Célio de Carvalho frå Rio de Janeiro er perkusjonist, og kom til Norge i 1983 for å lære bort samba. 20 år seinare er han framleis i Norge, og har samarbeidd med eit ukjent tal musikarar og spelt inn ei rekkje prisløna og kritikarroste plater.
Les meir om Førdefestivalen her: www.fordefestivalen.no