-Eg har fått kjenne på nokre hemningar, ja, og eg veit ikkje heilt om eg har klart å sleppe dei heilt, innrømmer hardingfelespelar Erlend Apneseth (20), ein av dei ni Talent-deltakarane under Førdefestivalen i år. Ei intens veke saman med to andre nordmenn og seks unge musikarar fra Kapp Verde og Brasil, har gjort inntrykk.
-Denne veka treng eg lang tid på å fordøye. Det har skjedd så mykje! Men, eg er ganske sikker på at eg endar opp med å synest at det har vore fantastisk, seier Erlend Apneseth (20) frå Jølster i Sogn og Fjordane.
Ingjebjørg Lognvik Reinholdt (25) frå Seljord er samd:
-På ein måte kjennest denne siste veka ut som ei æve, på ein annan måte har det gått veldig fort. Det har skjedd så masse!
For ei veke sidan møttest dei ni unge folkemusikk-talenta for aller første gong. Under Førdefestivalen har tre musikarar frå Kapp Verde, Brasil og Norge levd saman og skapt musikk saman. Målet er at dei unge skal utvikle seg som musikarar og menneske gjennom møtet med ulike kulturar, språk og musikk.
Les meir om Talent her
Les meir om Talent-deltakarane her
God kjemi
-Det har vore heilt fantastisk! seier Hilde Fjerdingøy (26) frå Grane i Nordland. - Vi har vore i lag døgnet rundt og lært kvarandre å kjenne. Det er så god kjemi mellom oss!, fortel ho.
Alle kom fram til Førde ein søndag kveld, og dei første øvingane skulle begynne mandag morgon, men heilt sånn vart det ikkje:
-Vi starta å spele saman første kvelden, vi bytta instrument og hadde det veldig fint. Det var full klaff med ein gong! seier Hilde.
Genuin musikkinteresse
-Det som har vore så fint, er at alle i gruppa er så genuint opptatte av musikk. Da blir det sånn når vi spelar saman, at dei andre kastar seg med i ein pols eller ein springar, seier Hilde.

Publikum lot seg begeistre og kasta seg etterkvart med i dansen! Foto: Mona S. Higraff
Og akkurat det vart tydeleg også for publikum som kom for å høyre på dei ni talenta på fleire konsertar i løpet av Førdefestivalen. Dei ni spelar nokre låtar frå eigne land kvar for seg, og så fleire felleslåtar. Men, det som skjedde kvar gong under enkeltlåtane, var at dei andre heiv seg med og "farga" låtane med sin tradisjon, sitt instrument og heile sitt engasjement. Det smitta på publikum!
-Klart det er smigrande, når for eksempel Douglas på trekkspel berre "må" spele litt saman med oss på ein låt, seier Ingebjørg.
Utviklande
Hilde Fjerdingøy skal begynne på 3. året på Ole Bull-akademiet til hausten, og håper å kunne leve av musikken i framtida. Ho meiner Talent-prosjektet har vore viktig for ho som musikar:
-Dette er kjempeutviklande for meg! Det gjer noko med meg som musikar. Eg har lært mykje om andre spelestilar, andre rytmar og taktartar, som eg kjem til å ta med meg vidare.
-Ei slik oppleving har gitt meg masse inspirasjon, i tillegg til at eg har fått nye vener, seier Ingebjørg.
Erlend meiner denne veka har vore kjempeviktig:
-Det er rett og slett sunt å bli sett saman med andre menneske og musikarar på denne måten. Vi lærer masse om oss sjølve og andre.