-Den mest spesielle veka i livet mitt!

Talentet Luciano Fogaca har aldri opplevd noko liknande.

-Dette er den mest spesielle veka i livet mitt! Det seier den unge, brasilianske perkusjonisten Luciano Fogaca (23) medan han smilande ristar på rastaflettene.


Luciano (t.h.) høyrer på sine vener frå Kapp Verde saman med Ingebjørg (t.v.), Hilde og Thales.
Foto: Mona S. Higraff

Luciano har aldri før reist utanfor Brasil sine grenser, og så plutseleg hamnar han - i Førde!
- Kulturen er annleis, folka er annleis, musikken. Eg har likt å bli kjend med den norske musikken - han er så fin!

Luciano innrømmer at han er litt sliten, men på ein god måte:
-Det har vore ei tøff og intens veke, med mykje å gjere og tett program, men så fantastisk likevel!!

Les meir om Talent-prosjektet

Les meir om deltakarane

Lyttande publikum
Dei tre brasilianarane Luciano Fogaca (23, perkusjon), Douglas Marcolino (24, trekkspel) og Thales Milton Barbosa da Silva (22, fløyte), har alle merka seg det norske publikummet:

-Dei er så lyttande, så interesserte! Totalt annleis frå publikum i Brasil. Der dansar publikummet når vi spelar. For oss er det ikkje skuffande at dei sit og høyrer på, tvert imot, seier Douglas.


Douglas imponerte med trekkspelet sitt. Foto: Mona S. Higraff

-Eg såg at folk lukka auga og verkeleg lytta. Andleta deira talar til oss og sender oss positiv energi, det er viktigare enn om dei dansar eller ikkje, seier Thales.

Viktig sjanse
For dei er Talent ein stor sjanse:
-Berre det å få komme hit, er stort. Ingen av oss har vore utanfor Brasil før. Og så får vi spele på ein festival med så mange flinke musikarar frå heile verda. Da betyr det mykje at nokre av publikum vel å høyre på oss, og syner at dei er så nøgde, seier Thales.

-Talent er viktig fordi det finst så mange ulike kulturar, folk og språk i verda. Det betyr mykje å få stadfesta at det finst eitt universelt språk som knyter menneske saman. Eg er glad for å oppleve at det finst eit felles språk i alle menneske, seier han.


Talent held konsert på Uteamfiet under Førdefestivalen. Foto: Mona S. Higraff

Heim
Etter intense dagar saman, er det rart at dei snart skal reise kvar til sitt:
-Eg gruar meg til å seie hadet, seier Luciano. - Det kjem til å bli vanskeleg. Eg skulle gjerne ha vore her lenger, saman med desse folka. Samstundes er det positivt å reise frå  kvarandre med den kjensla - at vi gjerne skulle ha vore meir saman!

Del denne saken: