Sterke opplevingar i Sør-Afrika
Kristin Asbjørnsen sit att med mange sterke minne etter å ha turnert med legendariske Ladysmith Black Mambazo i Sør-Afrika.
-Rørande og sterkt å få vere med på Ladysmith Black Mambazo sin turné heim til sine eigne i townshipane! Kristin Asbjørnsen sit att med mange sterke minne etter å ha turnert med den legendariske a capella-gruppa i Sør-Afrika.
.jpg)
Foto: Tone S Olsen
Turnéen var ein del av 10 års-markeringa av musikkprogrammet Mmino – eit samarbeidsprosjekt mellom Rikskonsertane og National Arts Council i Sør-Afrika.
Programmet er finansiert av Utanriksdepartementet i Norge,gjennom ambassaden i Sør-Afrika, og Department of Arts and Culture i Sør-Afrika, og er meint å styrkje musikklivet i Sør-Afrika og knyte varige band mellom norske og sør-afrikanske organisasjonar og institusjonar.
Les meir om Mmino.
Sterke minne
Kristin Asbjørnsen er nett komen heim etter to veker på turné i Sør-Afrika. Turnéen har gitt ho mange minneverdige augneblink:
-Ein ting eg hugsar spesielt godt, er den skjønne gamle mannen som ikkje kunne tru Ladysmith Black Mambazo (LBM) skulle spele i townshipen hans, Bela Bela. Han var heilt sikker på at det berre ville bli spelt frå ein cd. Da det gjekk opp for han at det var levande menneske og faktisk LBM som sto på scena, dansa han seg gjennom heile konserten, inkludert opp på scena! fortel Kristin Asbjørnsen.
.jpg)
Foto: Tone S Olsen
Tilbake til røtene
Ladysmith Black Mambazo er den gruppa i Sør-Afrika som sel mest verda over, og feirar i år heile 50 år som gruppe. For mange er dei nok mest kjente frå samarbeidet med Paul Simon på den ikoniske plata Graceland. I tillegg til samarbeidet med Simon, har gruppa spelt inn plater saman med artistar som Stevie Wonder, Josh Groban, Dolly Parton, Emmylou Harris og Ben Harper.
Etter femti år med store prosjekt utanfor sitt eige heimland, vende dei no attende til røtene sine, og med seg hadde dei Kristin Asbjørnsen. Turnéen var kalla Back to eKasi, ei reise tilbake der det heile starta for desse musikarane – ute i townshipane.
Legender
For Kristin var det stort å få syngje med dei legendariske musikarane:
-LBM er verkeleg ei fin gruppe, uttrykket deira er så rikt og organisk, både teksturen i arrangementa og det leikande samspelet mellom dei ulike røystene. Det kjennest rikt å ha vore på ei slik musikalsk reise saman med så opne og dyktige songarar og fine menneske.
.jpg)
Foto: Tone S Olsen
Asbjørnsen fortel at det var flott, både musikalsk og kulturelt å få vere med på ein slik turné. Det å halde konsertar der folk bur, gjorde eit sterkt inntrykk:
-Det var rørande å få vere med på ein turné som betydde så mykje for så mange, å oppleve eit ekstremt inderleg publikum og det at LBM kom heim til sine ”eigne”. Eg har blitt mint på kor viktig kultur og musikk er i folk sine liv, som identitetsskapar, fellesskapsbyggjar, og som kraftkjelde.
Saman reiste musikarane nesten 600 mil i løpet av konsertturnéen, for å kome til dei ulike townshipane.
-Noko av det finaste med å spele i townshipane var at mange i salen knapt hadde vore på ein konsert før. Konsertar i Sør-Afrika er ofte i byane, og folk i townshipane har inga transportmogelegheit heim etter konsertar på kveldstid, og det er ofte ikkje mogeleg økonomisk, fortel Asbjørnsen.
.jpg)
Leiaren av LBM, Joseph Shabalala (70) og Kristin Asbjørnsen.Foto: Tone S Olsen
Tatt godt imot
Asbjørnsen sette stor pris på måten ho vart teken imot på, både av musikarane og av publikum:
- LBM hadde ikkje spilt i townshipane på over 30 år, publikum song med på alle songane deira og det var tydeleg eit viktig møte for alle. For meg var det også så rikt å få oppleve så mykje spontan respons på alt eg gjorde musikalsk, at dei tok så godt imot meg, uttrykket mitt og inngangen min til materialet.
Kristin håpar ho får sjansen til å syngje med LBM att:
-Vi har ikkje avtalt noko konkret, men eg trur vi møtast att på eit eller anna tidspunkt, vi har alle eit ønske om det, og det er allereie formidla ønske om å utvide turnéen til fleire townshipar. Kan hende blir eg invitert med på fleire konsertar?
Les meir på heimesidene til den norske ambassaden i Sør-Afrika
.jpg)
Foto: Tone S Olsen