Songentusiastar klare for Nagaland!
Per-Oddvar Hildre og Kulturmix-koret er klare for eit nytt reisemål og nye opplevingar: Nagaland i India!
Per-Oddvar Hildre og Kulturmix-koret er klare for eit nytt reisemål og nye opplevingar: No går reisa til Nagaland i India!

Per Oddvar Hildre tek med seg songglade til Nagaland i India
Kulturmix er eit tur-konsept for reise- og musikkinteresserte og for folk som likar å synge. Det er eit reisetilbod for både nybegynnarar og for erfarne songarar, som har interesse av å reise og å synge og spele saman med andre, og som syns det er spennande å møte andre kulturelle uttrykk. Dene reisa skjer i regi av Rikskonsertane, støtta av Utanriksdepartementet.
Kulturmix-turane har til no gått til New Orleans, Ecuador, Galapagos, Peru, Cuba, Beijing, Azerbaijan, Madagaskar, Italia, Scopelos og Kroatia. Denne gongen går ferda til den indiske delstaten Nagaland, eit fjellområde som ligg nord i India.
Nær kontakt med dei lokale
Eitt av måla med slike turar, er at det skal skapast eit kor i løpet av turen. Ein veit aldri kva slag kor ein får før turen er i gang. Undervegs vert det brukt eit par timar pr. dag (når det lar seg gjere)til å synge seg saman. Mot slutten av turen møter “Kulturmix-koret” lokale songarar eller musikarar for eit meir intensivt seminar. Her får ein nær kontakt med lokalbefolkninga.
-Vi har med oss repertoar som ber i seg vårt vestlege kulturelle uttrykk, og som vi lærer frå oss til dei vi besøker, medan dei lærer oss nokre av sine songar. Vi øver saman med dei i to eller fleire kveldar, og feirar så det heile med ein avsluttande konsert, før koret blir “lagt ned” - og vi reiser heim, står det om konseptet på heimesida deira, www.kulturmix.no
Den avsluttande konserten vert halden 09.10.
Med seg har Kulturmix tre musikarar, Hayden James Powell (jazztrompetist og komponist), Jan Inge Melsæter (trombone), og Per Arild Skorgen (piano og keyboard).