-Det har vore utruleg moro, og litt av ein dag! Den kjende kvedaren og folkemusikaren Ingebjørg Bratland frå Vinje i Telemark fekk, som ein del av det fleirkulturelle prosjektet Talent 2008, onsdag kveld Unesco-tittelen ”Young artist for intercultural dialogue between the Arab and Western worlds” i Paris. Tittelen er ein heider til unge artistar for arbeidet deira for å fremje dialogen mellom arabisk og vestleg kultur.
Bilete frå utdelinga kjem
Talent er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Rikskonsertane med stønad frå Utanriksdepartementet. Prosjektet har blitt arrangert kvart år sidan 1995.
Utviklar seg musikalsk og menneskeleg
Gjennom Talent-prosjektet møtest tre musikarar i alderen 18-25 frå tre land (eitt av dei er Noreg), lever tett på kvarandre ei veke under Førdefestivalen og skapar musikk saman under rettleiing av to kunstarlege leiarar.
Gjennom å arbeide saman på tvers av musikalske, språklege og andre kulturelle grenser, er eitt av måla at dei unge musikarane skal utvikle seg både musikalsk og menneskeleg.
I 2008 var deltakarane i Talent frå Noreg, Egypt og Palestina. Dei møttest både under Førdefestivalen og året etter i Egypt.
Onsdag kveld møttest dei att, alle ni, for å verte heidra av UNESCO.
-Noko av det kjekkaste, ved sida av å få ein slik tittel og ein diplom, var heilt klart å sjå att venene våre i gruppa! Under utdelinga spelte vi også ei arabisk låt saman, og ho sat som eit skot, trass i at det er to år sidan vi song saman sist! Utruleg moro! Seier Ingebjørg Bratland.
Innovativt og framifrå prosjekt
Prisen vart delt ut av generaldirektør Irina Bokova på UNESCO sitt hovudkontor i Paris onsdag kveld. I grunngjevinga for prisen står det at Talent 2008 er eit innovativt prosjekt og eit døme på framifrå arbeid for å auke felles forståing og kulturell utveksling gjennom musikk:
”This distinction honours your outstanding endeavours to further mutual understanding and cultural exchange through music, as demonstrated by your innovative project.”
I alt 20 ungdommar som arbeider innafor kunst og kultur i heile verda fekk den same tittelen, Young artist for intercultural dialogue between the Arab and Western worlds, denne kvelden. Av desse 20, var heile ni frå Talent-prosjektet. Det gjer prosjektleiar i Rikskonsertane, Anne Moberg, stolt:
-Det er ei stor glede for oss at Talent-prosjektet frå 2008 har blitt valt ut til å få ein så viktig heider. Dette treff kjernen i prosjektet vårt! Det er nettopp det vi ønskjer med Talent, å skape møteplassar, at unge musikarar får meir kjennskap til kvarandre på tvers av kulturar.
Privilegerte
Ingrid Stuhaug frå Naustdal i Sogn og Fjordane syntest det var ei stor oppleving:
-Dette var veldig stort. Vi vart så imponerte over alle dei andre, flinke som fekk same prisen i kveld – dansarar, musikarar, teaterfolk og filmfolk. Då kjenner ein seg veldig privilegert som får ein pris på lik line med så mange dyktige ungdommar, seier Stuhaug.

Talent-gjengen då dei møttest att i Kairo i 2009. Foto: Åsne Berre Persen
Dei har ingen konkrete planar, men no håpar dei unge musikarane at dei ein gong i framtida kan få spele meir saman:
-Det ligg verkeleg eit stort potensiale i dette prosjektet, seier Julie Alapnes Normann.
Musikarane:
Ingebjørg Bratland, Ingrid Stuhaug, Julie Alapnes Normann, Suhail Nassar, Mira Azar, Majd Shanin, Hind Ali, Ahmed Amer og Rami Mohammed Shamrokh.
Les meir om Talent her:
http://www.rikskonsertene.no/no/Utland/Talent/Om-Talent/
Høyr ein av songane musikarane song saman då dei møttest att i Kairo i 2009:
http://www.myspace.com/ingebjorgbratland