Talent 2008 har fått Unesco-tittelen ”Young artist for intercultural dialogue between the Arab and Western worlds” .
Talent 2008 har fått UNESCO-tittelen ”Young artist for intercultural dialogue between the Arab and Western worlds” . Tittelen er ein heider til unge artistar for arbeidet deira for å fremje dialogen mellom arabisk og vestleg kultur.
-Det er ei stor glede for oss at Talent-prosjektet frå 2008 har blitt valt ut til å få ein så viktig heider. Dette treff kjernen i prosjektet vårt! Det er nettopp det vi ønskjer med Talent, å skape møteplassar, at unge musikarar får meir kjennskap til kvarandre på tvers av kulturar. Det seier prosjektleiar i Rikskonsertane, Anne Moberg.
Talent er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Rikskonsertane med stønad frå Utanriksdepartementet. Prosjektet har blitt arrangert kvart år sidan 1995.

Talent-gjengen møttest att i Kairo i 2009. Foto: Åsne Berre Persen
Innovativt og framifrå prosjekt
I grunngjevinga for prisen står det at Talent 2008 er eit innovativt prosjekt og eit døme på framifrå arbeid for å auke felles forståing og kulturell utveksling gjennom musikk:
”This distinction honours your outstanding endeavours to further mutual understanding and cultural exchange through music, as demonstrated by your innovative project.”
I 2008 var deltakarane i Talent frå Noreg, Egypt og Palestina, og møttest både under Førdefestivalen og året etter i Egypt.

Samspel i Kairo! Foto: Åsne Berre Persen.
-Ei stor ære
Ein av musikarane som var med frå Noreg i 2008, var kvedaren Ingebjørg Harman Bratland. Ho vart veldig glad da ho fekk høyre om tildelinga:
- Dette er ei stor ære! Det var jo litt av ein tittel vi kan smykke oss med! Vi hadde eit fantastisk, vellukka samarbeid med ungdommane frå Palestina og Egypt. Eg har mange gode minne frå dette samarbeidet. Eg har til og med ein av songane vi spela inn i Kairo ute på myspace-sida mi, og den har omlag 20 000 avspelingar! Det tyder på at også andre synest samarbeidet vårt er vellukka, seier Bratland.
Utviklar seg musikalsk og menneskeleg
Gjennom Talent-prosjektet møtest tre musikarar i alderen 18-25 frå tre land (eitt av dei er Noreg), lever tett på kvarandre ei veke under Førdefestivalen og skapar musikk saman under rettleiing av to kunstarlege leiarar.
Gjennom å arbeide saman på tvers av musikalske, språklege og andre kulturelle grenser, er eit av måla at dei unge musikarane skal utvikle seg både musikalsk og menneskeleg.
UNESCO-tittelen vert delt ut på UNESCO sitt hovudkontor i Paris 13. april.
Les meir om Talent her:
http://www.rikskonsertene.no/no/Utland/Talent/Om-Talent/
Høyr ein av songane musikarane song saman då dei møttest att i Kairo i 2009:
http://www.myspace.com/ingebjorgbratland