Søknadsfristen til det sør-afrikanske musikk- og utvekslingsprogrammet Mmino nærmar seg.
- 25. februar er norske musikarar sin siste og einaste sjanse i år til å søkje, seier prosjektleiar i Rikskonsertane, Anne Moberg.

Mmino er eit søknadsbasert program innan musikkopplæring og musikkutveksling. Hensikta er å styrkje musikklivet i Sør-Afrika og støtte samarbeidet mellom norske og sørafrikanske musikarar, organisasjonar og institusjonar.
Byggjer kompetanse
- Mmino er ein flott sjanse for musikarar frå Sør-Afrika, fordi prosjektet bidreg med kompetanse og gir dei høve til å realisere eigne idear og på sikt få eit større nettverk, seier Moberg. For norske musikarar er dette eit unikt høve til å få impulsar til å skape og fornye eigen musikk, seier Moberg.
- Forutsetnaden for å søkje er at dei norske musikarane har ein sør-afrikansk partner, men det kan óg eventuelt Rikskonsertene hjelpe med, seier Moberg.
- Ein ryggrad
Arne Hiorth speler trompet og flygelhorn, er komponist, arrangør og musikklærar. Han har samarbeidd med sør-afrikanske musikarar i mange år, og har fått støtte gjennom Mmino til eit tre-årig prosjekt.

Arne Hiorth og North Sea Big Band, Grahamstown-festivalen i Sør-Afrika i 2009.
-Mmino har vorte ein ryggrad i mye av det musikalske arbeidet eg har halde på med i Sør-Afrika dei siste åra. Dei lange avstandane gjer det vanskeleg å få til prosjekt på eiga hand, difor er Mmino avgjerande, seier Hiorth.
Mmino er viktig for han som musikar:
-Eit slikt søknadsprogram er utviklande for meg og dei musikarane eg tek med meg til Sør-Afrika, og det er utviklande for dei musikarane vi arbeider med der. Vi har så mykje å lære av kvarandre, avsluttar Hiorth.