Ei reise til Cuba

Temperaturen i vinterkalde byar og bygder kjem til å stige når eit knippe av dei hottaste unge musikarane frå dagens Cuba legg ut på turné med Rikskonsertane for å lære norske songarar og musikantar å spele salsa så det verkeleg svingar! For å fange den kubanske stemninga langs turnéruta frå Sortland og Svalbard i nord til Nøtterøy i sør, har vi ein stor fotokonkurranse på Facebook, der premien er ei reise for to til Cuba!

Vi håper trompetane vil hyle og maracasene shake som dei gjer på Cuba – taket skal løfte seg under årets mest viltvoksande konsert – Fiesta Cubana med Interactivo. 10 norske byar og tettstader får oppleve nokre herlege dagar i Cubas teikn, med workshops som munnar ut i ein storstilt fiesta. Startskotet for turneen går i Sortland 3. februar før turen går vidare til Longyearbyen, Finnsnes, Narvik, Nøtterøy, Bærum, Horten, Vågå, Oppdal og endar i Ørland seinare same månad.

Interactivo er ein funky fusion av nokre dei sterkaste unge artistane frå Cuba i dag  – rapparar, DJs, låtskrivarar, soneros og jazziztas i følgje med cubanske blåsarar og førsteklasses perkusjonistar. Bandet blandar cubansk takt og tone med funk, latin-jazz og hiphop. Musikarane i Interactivo turnerer over store delar av verda og tilhøyrer musikkeliten på Cuba. Likevel kjem dei til Norge for å jobbe med glade amatørar, songarar, korps og dansegrupper i små byar og tettstader.

-Eg set stor pris på å få sjansen til å komme til Norge! Kvar gong eg får sjansen til å dele musikken vår med andre menneske, går det opp for meg at eg er ein veldig heldig person. Fører samarbeidet med lokale musikantar  til at eg på eit eller anna vis kan bidra til ei positiv utvikling av lokalsamfunnet, er det noko av det viktigaste for meg, seier Yusa, som er ein av solistane i Interactivo.

Korps og storband skal lære å spele salsa så det verkeleg groovar, og dansegrupper får opptre saman med Norges unge latino-hiphop-dronning Alexandra Joner, kjent frå Dansefeber.

-Det er fantastisk å merke engasjementet når eit lokalmiljø samlar seg om eit prosjekt der dei sjølve deltek. Det bur så mange ivrige og dyktige musikantar i landet vårt, og nå skal nokre av dei få eit levande møte med spennande musikarar frå Cuba. Samarbeidet gir ein heilt annan energi til konserten, og vi håper at noko av inspirasjonen sit igjen når vi reiser vidare! seier Rikskonsertane sin produsent Ane Roggen.

Cuba er ei skattekiste av fantastisk musikk som nordmenn har eit forhold til, veldig mange har for eksempel hørt Buena Vista Social Club eller gått på salsakurs. No får eit norsk publikum møte musikk frå Cuba slik den høyrest ut i 2011.
-Interactivo er eit fantastisk tilbod for oss, seier kultursenterleiar Arve Width frå Ørland kultursenter. -Vi har jo elles besøk av lokale, regionale og nasjonale artistar – men det er ei stor gåvepakke å få besøk av internasjonale artistar gjennom Rikskonsertane. Lokalsamfunnet vårt får tilgang på ein anna kultur som vi elles berre opplever på fjernsynet. Bra at slike prosjekt blir spreidde over heile landet gjennom Rikskonsertane. Det blir spennande å rive laus trauste trøndarar i fyrige rytmar! seier han.

For meir informasjon eller intervjuavtaler:
Caroline Hambro
cmh@rikskonsertene.no

 

 

Del denne saken:

 

 


FIESTA CUBANA-FOTOKONKURRANSE PÅ
FACEBOOK! VINN REISE (VERDI 30.000,-) FOR TO TIL CUBA!! Les mer

 

 
Turnérute

03.02 Sortland
Samfunnssalen

06.02 Longyearbyen
Kulturhus

09.02 Finnsnes
Kulturhuset

11.02
Narvik Kulturhus

13.02
Nøtterøy Kulturhus

15.02
Bærum Kulturhus

19.02 Horten
Bakkenteigen kulturhus

22.02 Vågå
Vågå kulturhus

24.02
Oppdal kulturhus

26.02
Ørland Kultursenter 


Billetter kjøpes på konsertstedet