Absolutt Opera for fulle hus!

Fullt hus og stormande jubel under premieren av ABSOLUTT OPERA i Asker torsdag kveld!



Fullt hus og stormande jubel under premieren av ABSOLUTT OPERA i Asker torsdag kveld!

Det er alltid mykje spenning i lufta og mykje nervar før ei premiere, både for utøvarar og arrangørar. Vil dette gå bra? Vil publiktum like det? Og – vil det komme noko publikum i det heile? Etter premieren i går på ABSOLUTT OPERA i Asker kulturhus har vi i alle fall svara for denne gong; eit klart JA på alle tre spørsmåla!

Det vert allereie meldt om utselde og nesten utselde hus på fleire av dei påfølgjande konsertane, så her gjeld det å ikkje tenkje seg for lenge om før ein kjøpar ein billett. Klikkar du deg inn på konsertstaden din i turnéruta, kjem du direkte til di billettluke.

- ABSOLUTT OPERA er eit potpurri, nokre store høgdepunkt frå operaen si skattkiste, seier mezzosopran Marianne E. Andersen. På programmet står scener frå Carmen, La Bohème, West Side Story, Figaros bryllup og andre kjende operaer. Utdraga  vert iscenesett med kostyme, rekvisittar og lyssetting, og såleis vert heile framsyninga bunde saman til ein gallakonsert - i storformat.

Les alt om ABSOLUTT OPERA her.

 


Bookmark and Share


Del denne saken: