Majorstuen
Årets unge musikarar 2005«Majorstuen representerer noe av det fremste innen den nye generasjons vilje til å formidle folkemusikken vår til et bredt publikum. Kombinasjonen av denne unike evnen til å formidle og kvaliteten på spilleteknikk og deres nyskrevne musikk brakte dem fram til seier i INTRO-folk 2005.» Det sa juryformann og konsertsjef i Rikskonsertane Helge Skansen etter at Majorstuen stakk av med den gjeve prisen «Årets unge folkemusikarar 2005».
I 2005 etablerte Rikskonsertane konkurransen INTRO-folk. Det er eit nytt lanseringsprogram for unge, lovande folkemusikarar, der det overordna målet er å styrkje norsk og samisk folkemusikk.
Musikarar søkjer om å få delta i konkurransen, der til slutt åtte folkemusikkgrupper eller -artistar blir plukka ut til ein introduksjonsrunde. Dei konkurrerer mot kvarandre på folkemusikkfestivalar landet rundt, før fire til slutt hamnar i finalen. Vinnaren får ein gjev lanseringspakke frå Rikskonsertane. Neste INTRO-folk-konkurranse blir arrangert i 2007.
Lanseringspakken består mellom anna av tilbod om ein offentleg noregsturné i regi av Rikskonsertane, skulekonsertturné for Rikskonsertane, konsertar på diverse festivalar, tilbod om å bruke dei digitale produksjons- og redigeringsstudioa til Rikskonsertane, promotering i utlandet og dessutan hjelp til marknadsføring og PR-materiale.
Då Majorstuen vann INTRO-folk på Jørn Hilme-stemnet på Fagernes sommaren 2005, sa jurymedlem Ola K. Berge frå Norsk folkemusikkformidling følgjande: «Majorstuen vart ’Årets unge folkemusikarar 2005’ i kraft av si formidlingsglede og -evne, og sin leikande måte å musisere på, utan at noko av dette nokon gong fører til ei banalisering av musikken. Det dei gjer, er så enkelt – og så vanskeleg ...»
Les meir om Majorstuen her.EnglishMeir info:www.majorstuen.biz