Nynorsk

Benedicte Maurseth – årets unge folkemusikar

Denne unge felespelaren plukkar hardingfeler frå 1600–1700-talet ned frå museale vegger, og lèt ”djevelens instrument” dirre av utfordrande notid når ho leikar seg med strengene.

Den varme og fyldige tonen i dei gamle hardingfelene fascinerer Benedicte.

– Dei kling så vart, skjørt og nært, forklarer ho.

Det er usikkert kva tid ein tok til å byggje hardingfeler i Noreg, men den eldste daterte vi har, er Jaastad-fela frå 1651. Understrengene, som kling med rørslene i overstrengene, karakteriserer desse felene. Instrumentet blei ofte assosiert med svart magi, og det var bannlyst å spele hardingfele i kyrkjene i dåtida.

Med tankane og føtene solid planta i notida lèt Benedicte seg gjerne inspirere av gamle feler og gamle historier. I tillegg til å traktere fela med intens speleglede på eit høgt musikalsk nivå legg ho av og til den vakre songen sin til musikken.

– Det gir meg høve til å utforske moglegheitene i både den verbale og den instrumentale musikken saman, slik at dei kan rikje kvarandre, seier Benedicte.

I tillegg til å vere ein framifrå instrumentalist og vokalist improviserer og komponerer Benedicte også eigne melodiar. Denne mangfaldige historieforteljaren ønskjer naturleg nok også å bruke dei musikalske uttrykka sine i ulike sceniske rammer. 

Det var ein einstemmig jury som kåra Benedicte til vinnar av INTRO-folk-finalen i sommar, fordi ho som utøvar overtydde dei med den musikalske originaliteten og den store formidlingsevna si.  

I 2006 gav Benedicte Maurseth og Knut Hamre ut CD-en Rosa i botnen. Plata fekk svært gode kritikkar, og Ståle Wikshåland i Dagbladet skreiv: ”… tradisjonen gløder, intenst og nærværende …”

 

Benedicte er vinnar av årets INTRO-folk, og konsertane er ein del av Rikskonsertane si lansering av henne.

 



Foto: Anders Bergersen / Rikskonsertene