Om INTRO-folk
Årets unge folkemusikarar er eit lanseringsprogram for unge, lovande folkemusikarar, der det overordna målet er å styrkje norsk og samisk folkemusikk. INTRO-folk kårar ”Årets unge folkemusikarar” i løpet av sommeren 2007.
INTRO-klassisk og Jazzintro er alt godt etablerte lanseringsprogram som har fått god omtale. Artistar som har vunne Jazzintro eller INTRO-klassisk har fått hjelp til å setje fart på karriera si i Noreg, og nokre har og vorte kjende i utlandet. No står folkemusikken for tur!
Med INTRO-folk. Årets unge folkemusikarar vil ein skape ein arena der utvalde unge folkemusikarar får utvikle seg som kunstnarar og får røynsle i formidling av folkemusikk på eit høgt nivå. Gjennom semifinalar, finale og lansering på førande festivalar kan eit breitt publikum verte betre kjende med dei som musikkutøvarar.
Presentasjon av alle deltakarane vil syne fram breidda og nivået på unge norske folkemusikarar og bidra til musikarane si vidare karrierebygging. ”Årets unge folkemusikarar” vinn ei skreddarsydd lanseringspakke, sett saman av Rikskonsertane, Folkemusikkscena og Norsk folkemusikkformidling.
Vinnaren/ane vert lansert i 2007 og 2008 gjennom konsertar på INTRO-folk sine lanseringsfestivalar og turne i Noreg i regi av Rikskonsertene.
I tillegg kan ei rad andre verkemiddel tas i bruk, m.a.:
- Tilbod om å utvikle eit skolekonsertprogram i samarbeid med produsent, og å gjennomføre ein skolekonsertturné for Rikskonsertane.
- Moglegheit for tingingsverk.
- Tilbod om å nytte Rikskonsertanes digitale produksjons- og redigeringsstudio vederlagsfritt.
- Profileringstiltak, t.d. presentasjon på web.
- Hjelp til marknadsføringsmateriell som foto, plakatar og flyers.
- Promotering mot utlandet og/eller internasjonal lansering (i samarbeid med UD og MIC).